Me siglar ikkje same havet
Endå det ser slik ut.
Grovt timber og jarn på dekk,
sand og sement i romet,
djupt ligg eg, seint sig eg, stampar i
broddsjø,
uler i skodde.
Du siglar ein papirbåt,
og draumen ber det blå seglet,
so linn er vinden, so var er bylgja.
Olav H. Hauge

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar