onsdag 12. mars 2008

FRA 'SAKTE KINO' AV SIGNE KRISTIN DJUVE


Midt mellom tommel og peikefinger
bur det eit opprør
Ei sterk stemme
krevjande modig manande

Sjelden blir opprøret til anna enn
ei knytta hand
gøymt vekk i ei bukselomme

*

Denne forpulte slitasjen
forbanninga over havet
som bryt inn over dekk
stormen som meiar kjelane ned av komfyren
og gutane med sitt kvinnesyn;
heimehøyrande i kambro silur

Men det er ingen grunn til tanke på flukt
og flaskepostbreva kjem aldri fram
til adressaten

*

Blå morgon
Klaprende steg over asfalten
Dunket når avisa treffer trappa

Dei kalde hendene mine tek varleg imot dagen

Ingen kommentarer: