Gjennom heile vinteren flyt dei i kulda, små flåtar av tre og tjørepapp. Så ein dag stig kvikksølvet, permafrosten tinar, og det er vatn overalt, vatn siv opp gjennom golvborda, strøymer inn i litervis. Det er mest som å gå ned ute på sjøen. I ein augneblink ligg du i senga, varm og logn med lasta di av husplanter og ballasta av bøker, i den neste gurglar du som ei karpepå botten. Kven seier at livet er rettvist?
Klokka ni neste morgon kjem postmannen til porten. Inkje hus, inkje hund. Alt han finn er eit lekk oljefat som duppar på yta. Det er det tredje denne veka, seier han til seg sjølv og snur og traskar videre. Heile sumaren er det slik, hus piplar ned i mørkret, heile landbyar forsvinn fra kart og regusleringsplanar. Og postmennene? Dei er som ein fortapt stamme på jakt der ute i den endelause tomheten, veskene bular av nyhende, ubetalde rekningar.
Robert Hendin, fra Red Wing, Minnesota (f.1949)
Har henta teksten fra tidsskriftet Kuiper, nr 3-4 2008. De skriver at Pir forlag planlegger å gi ut et utvalg av Hendins tekster.
Mer om temaet? En bitte liten kortfilm om Costal Erosion - the quiet crisis finner du her.
søndag 22. februar 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar